Hvem er vi! Geitene Kjekjøtt Året Stølen Gardsbesøk Kontakt
Villandsvegen 38, 3577 Hovet
413 06 746 · ole@ovrejorde.no
Øvrejorde geitegard i fjellbygda Hovet, Hallingdal

Hovet · Hallingdal · 680 moh

Ein geitegard
øvst i Hallingdal

Tjue minutt frå Geilo, i Hovet, driv Ole og Hanne Christine med 180 mjølkegeiter — dei selger kjekjøtt og geitekjøtt få her i landet har smakt.

Oppdag kjekjøttet Ring garden Fersk sesong · ca. 15. feb – 15. juni og ca. 15. sep – 1. nov
Rull ned
“

Me ønsker å se enkeltmennesket, la det få være seg selv og prøve å gi det håp for framtiden.

Ole og Hanne Christine Øvrejorde
Kapittel 01 — Hvem er menneskene bak Øvrejorde Ole & Hanne Christine

Eit liv tett på dyra
og på fjellet

Me er Ole og Hanne Christine Øvrejorde, og sammen driv me garden her i fjellbygda Hovet — tjue minutt frå Geilo, der Hallingdal smalnar og fjellet tek over.

Hovudproduksjonen er geitemjølk, frå om lag 180 mjølkegeiter. Mjølka går til Tine og til Rueslåtten Ysteri og Jakobsplass, garden er ein del av samarbeidet Ostebygda.

Om sommaren held geitene til på stølen vår, Kalvefløto ved Stolsvatnet. Resten av året finn du oss heime på garden, der me òg har ein enkel gardsbutikk med kjekjøtt i frysaren.

  • Norsk mjølkegeit
  • Tine & Rueslåtten Ysteri
  • Ostebygda
  • Fjellbeite
Ole og Hanne Christine Øvrejorde på gardenØvrejorde
Ole Øvrejorde blant geitene
Geiter i soloppgang på sommerbeite ved Stolsvatnet
Foto Arsene M. Øvrejorde
Kapittel 02 — Geitene Norsk mjølkegeit

Fritt på fjellet
heile sommaren

Om lag 180 mjølkegeiter setter sit preg både på garden og fjellet. Om sommaren beiter dei fritt oppe på stølen — det er der smaken begynna.

180mjølkegeiter og 50 påsettkje

Fjellbeitet gir uss mjølk og kjøt av ein annan karakter — reint, urterikt, prega av høgda. Det er dette du kan kjenne att på tallerken.

Kapittel 03 — Frå fjell til bord Kjekjøtt

Ein delikatesse
få har smakt

Magrare enn lam, rikare på protein enn kylling — men vanskeleg å få tak i her i landet. Det vil me gjere noko med.

Kjekjøtt frå Øvrejorde, lyst og mørt
Lyst & mørt
2–3 månader · fôra fram på garden
  • i.Kjelår
  • ii.Ribbe
  • iii.Saddel
  • iv.Confit
  • v.Kjøtdeig

Kjea våre blir fôra fram på garden til dei er to–tre månader gamle. Kjøtet er då lyst og ekstra mørt.

Kan på hausten tilby haustkje, dette kjøttet er og godt, men kanskje litt grovere struktur og litt større stykningsdeler.

Slakting
Nortura, Gol
Skjering & pakking
Bøkko Produkter i Hovet
Fersk sesong
ca. 15. februar – 1. nov
Utanom sesong
Frose frå gardsbutikken
Sal
Garden · REKO-ringen · marknader

Ring og bestill — 413 06 746 — eller send ein e-post til ole@ovrejorde.no, så svarar me så snart me er inne frå fjøset. Spesielle anledninger — bestill tidlig.

Tilberedt kjekjøtt
Confit av kje
Kapittel 04 — Året på garden Frå kjeing til frost

Fire årstider,
éin rytme

Stolsvatnet og stølen Kalvefløto
Kapittel 05 — Stølen & Stolsvatnet Kalvefløto

Buer og fiske
ved Stolsvatnet

Ved Stolsvatnet, der stølen vår ligg, leiger me ut nokre fiskebuer og fiske. Det meste er leigd bort på åremål — men er du interessert, ta gjerne kontakt, kanskje får me til noko.

Høyr om fiske
Born og vaksne på gardsbesøk hjå geitene
Møt geitene
Kapittel 06 — Gardsbesøk Kom på besøk

Opplev livet
på garden

Me ønskjer at born og vaksne skal få kome og oppleve livet på garden — møte geitene, sjå fjøset og få vere med der det skjer.

Når

Etter avtale, oktober–april. Om sommaren er me på stølen.

Kven

Born og vaksne. Grupper og familiar er velkomne.

Korleis

Ta kontakt, så finn me ei løysing som passar.

Avtal eit besøk
Kontakt

Ring Ole —
me er ofte i fjøset

Enklast er det å ringe. Er me ute blant dyra, legg gjerne att ei melding, så ringjer me tilbake.

413 06 746
E-post
ole@ovrejorde.no
Adresse
Villandsvegen 38, 3577 Hovet
Følg oss
Facebook · Instagram @geitebonden_ole

Villandsvegen 38
3577 Hovet, Hallingdal

Opne i kart OpenStreetMap
Ny nettside laga som gåve til Øvrejorde av Don Moses.